søndag 14. november 2010

Kva består ein avis av?

Dette innlegget er ei oppfølging av forrige innlegg "avis"!Ein avis er bygd opp av fleire saktekstar. Det kan både vere artiklar, lesarinnlegg og melding av forskjellige saker.  Ein avis kan i tillegg innehalde teikneseriar, tv-program og innsendte historier av lesare.  Som oftast er det nyheitsartiklar ein avis innehald. Slik ser ein typisk nyheitartikkel ut:
Denne typiske nyheitartikkelen består av:
Overskrift: Ein overskrift skal fange lesaren og gjere at personen vil lese vidare.
Ingress: Det fete avsnittet heilt i begynninga, som forteljar kort kva saken omhandlar.
Brødtekst: Dette er sjølve teksten i artikkelen.
Underoverskriftar: Innimellom brødteksten kjem det små overskriftar som er med på å dele inn teksten i fleire ”deler”.
Bilete: Bilete i artikkelen passer til temaet og er med på å gjere artikkelen meir levande. Bilete har også ein bilete tekst under seg, som forklarar nærmare kva som skjer på bilete.
Når ein journalist skal skrive ein slik nyheitsartikkel er det seks gode hjelparar han bruker for å gjere artikkelen best utfyllande som muleg:
  1. Kva skjer?
  2. Kven skjer det med?
  3. Kor skjer det?
  4. Når skjer det?
  5. Kvifor skjer det?
  6. Korleis skjer det?
Disse svara kan ofte kome frem i ingressen, men det er ikkje alltid slik. Journalisten bruker brødteksten vidare til å utdjupe svaret på disse spørsmåla.
Slik det er med de fleste artiklar, skal også denne nyheitsartikkelen vere mest muleg objektiv, eventuelt vinkling frå begge sider av saken i nokon tilfeller.
Nyheitsartiklar og avisa generelt er som vi ser bygd opp av fleire faktorar og fleire personar. Kva som kan publiseras i Noreg sine avisar blir nøye vurdert av den ansvarlege redaktøren og retningslinjene han har. Om avisa i papirutgåve kjem til å forsvinne ettersom årene går, veit vi ikkje. Men det vi vet er at nettavisa kjem stormande på oss. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar